Kristian vart fødd på Københavns slott. Kristian IV ville sikre tronfylgja og fekk stendene og Riksrådet til å velja han som tronfylgjar i 1608 og Kristian vart utropt og hylla som tronfylgjar allereie i 1610, 7 år gamal.[1] Presten og diktaren Claus Christoffersen Lyschander skreiv eit hyllingsdikt til hendinga og dette er den einaste augnevitneskildringa ein kjenner.[3]
Hyllinga gjekk føre seg først i København og deretter i Oslo. Til Oslo kom arveprinsen saman med begge foreldra og hyllinga gjekk føre seg på Hovedtangen 17. juni 1610.[4]
Som vaksen leia han Riksrådet eit par gonger under fråværet til faren og han vart også statthaldar ein kort periode, men det synte seg at han ikkje hadde format til å leia.
Riksrådet pressa på kongen for å få Kristian gift, dei var misnøgd med måten han levde på med stort forbruk av alkohol, historier med ymse kvinner og stor gjeld.
Han gifta seg i 1634 med Magdalena Sibylla av Sachsen, dotter av kurfyrste Johann Georg I av Sachsen. Bryllaupet er kjend som «Det store bilager» (Det store bryllaupet), praktfullt og dyrt. Paret busette seg på Nykøbing slott på Nykøbing Falster, slottet var på denne tida eit velhalde renessanseslott.[5]
På slottet hadde Kristian ei stor samling av kunst og gjenstandar frå oldtida, mellom anna det store
Gallehus-hornet.[6][7]
Ekteparet fekk ingen born.