Den italienske halvøya eller Den appenninske halvøya (italienskPenisola italiana eller Penisola appenninica) er ei av dei største halvøyane i Europa og strekkjer seg 1000 km frå Alpane i nord og sørover i sentrale område av Middelhavet. Halvøya er kjend for å vere forma som ein støvel (kalla Lo Stivale på italiensk).
Nesten heile halvøya er ein del av Italia, bortsett frå to små område, San Marino og Vatikanstaten, som er sjølvstendige, i tillegg til ein liten del av Sveits.
Halvøya grensar til Liguriahavet og Tyrrenhavet i vest, til Det joniske havet i sør og Adriahavet i aust. Dei indre områda består av fjellkjeda Appenninane, medan dei nordlege områda stort sett består av store sletter. Kysten er kupert med høge klipper.
Halvøya har stort sett middelhavsklima, men i indre område kan det verte kontinentalt. Den naturlege vegetasjonen består av krattskog, lauvskog og blanding av lauv- og barskog.