Delinga av Britisk India fann stad natta mellom den 14. og 15. august1947 og skapte to nye sjølvstendige statar, India og Pakistan, av den britiskekolonienIndia. Delinga gjekk føre seg på geografisk og administrativt nivå, med innføringa av nye territorium og ei todeling av embetsverket, militæret, infrastruktur og annan britisk-indisk eigedom.
Delinga var basert på eit ønske frå muslimar om å få sitt eige land, og fordelte i stor grad område der det var muslimsk fleirtal til Pakistan (som også omfatta noverande Bangladesh) og resten til India. Meir eller mindre sjølvstendige fyrstestatar som hadde vore tilknytte den britiske kolonien fekk velja å bli med i eitt av dei to landa. Den nye landegrensa delte statar (Bengal og Panjab), lokalsamfunn og i nokre høve familiar. Ho medførte at rundt 15 millionar menneske måtte flytta, medan opp mot ein halv million blei drepne i uroa rundt delinga. Den tragiske delinga, ofte berre kjend som «Partition» i Sør-Asia, har sett djupe spor, og har vore skildra i talrike noveller, romanar og filmar. Ho har også ført med seg spenning og krigar mellom Pakistan og India over omstridde område, som Kashmir.