Dei store sjøane er fellesnemninga på dei fem innsjøane Ontariosjøen, Eriesjøen, Øvresjøen (Lake Superior), Huronsjøen og Michigansjøen i grenseområdet mellom USA og Canada.
Sjøane er den største gruppa med ferskvassjøar i verda, er ein del av det største ferskvassystemet i verda. Innsjøane inneheld over 35 000 øyer og er kopla til havet gjennom eit system av sluser, kanalar og elver. Slusene er for smale for mange skip, noko som har avgrensa sjøfarten på sjøane. Trass i storleiken har dei ein tendens til å fryse til om vinteren.
Ein mykje mindre, sjette innsjø, St. Clairesjøen, mellom Huron og Erie er og ein del av det same ferskvassystemet, men blir ikkje rekna mellom dei store innsjøane.
Elvene i ferskvassystemet
Systemet inkluderer og elvene som bitt sjøane saman:
Michigansjøen er kopla til Huronsjøen gjennom Mackinacstredet. Desse to sjøane ligg like høgt over havet og er geologisk det same vatnmassivet, men er geografisk skilt og blir derfor rekna for å vere to sjøar. Ei halvøy og store øyer deler Huron i to delar; hovedsjøen og Georgian bay.
Utløp
Det viktigaste utløpet frå systemet er St. Lawrence-elva, som renn ut frå Ontariosjøen gjennom Quebec til Atlanterhavet. Eit utal elver renn inn i dette systemet, over 200 berre i Øvresjøen.
Nøkkeltal
Frå vest mot aust, den retninga vatnet generelt flyt, plasserer sjøane seg slik:
Namn
|
Overflate
|
Volum
|
Største djup
|
Høgde over havet
|
Grensar mot
|
Info
|
Superior
|
82.000 km²
|
12.232 km3
|
406 m
|
183 m
|
Ontario, Canada; Wisconsin, Minnesota, Michigan, USA.
|
Den største ferskvatnsjøen i verda målt ettert areal, nest størst i volum.
|
Michigan
|
57.750 km²
|
4.918 km3
|
281 m
|
177 m
|
Indiana, Wisconsin, Illinois, Michigan, USA
|
Den einaste som ligg fullstendig i USA. Same høgde over havet og eigentleg det same vatnmassivet som Huron, men de ligg geografisk skilt.
|
Huron
|
59.600 km²
|
3.538 km3
|
230 m
|
177 m
|
Michigan, USA; Ontario, Canada.
|
Den nest største. Inneheld Manitoulin Island, den største innsjøøya i verda.
|
Erie
|
24.000 km²
|
483 km3
|
? m
|
174 m
|
Ohio, New York, Pennsylvania, Michigan, Ontario.
|
Den minste i volum og den grunnaste.
|
Ontario
|
19.009 km²
|
1.639 km3
|
244 m
|
75 m
|
New York, USA; Ontario, Canada
|
Den minste overflata og ligg mykje lågare enn dei andre
|
Bakgrunnsstoff