leier til evig fordømming (om ein ikkje angrar og skriftar)
Gjennom desse syndene mister den kristne tilgangen til andre sakrament enn skriftemålet. I skriftemålet kan den kristne gjennom eit medvite og reflektert oppgjer med handlingane sine leggje syndene bak seg gjennom eit oppriktig ønskje om ikkje å gjenta dei. Den oppriktige angeren vil da kunne gje Guds tilgjeving, formidla gjennom presten i den såkalla absolusjonen.
Dødssyndene vert i dag ofte omtala som alvorlege synder, i motsetning til veniell synd eller svakheitssynder.