Dei nordlege egeiske øyane (gresk Βόρειο Αιγαίο, Vório Egéo) eller Nord-Egearhavet er ein av tretten periferiar i Hellas og ligg nordaust i Egearhavet. Tyrkia ligg i aust, medan det greske fastlandet ligg i vest og i nord. Sør for periferien ligg Dei sørlege egeiske øyane.
Periferien omfattar dei tidlegare prefekturaKhíos, Lésvos og Sámos.
Hovudstaden i periferien er Mytilíni på Lesbos. Periferien har omkring 200 000 innbyggjarar.
Periferieiningar og kommunar
Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Dei nordlege egeiske øyane delt inn i fem periferieiningar som frå 2019 omfattar 11 kommunar.[2][3]