Sámos by (gresk Σάμος) er ein by nordaust på øya Sámos i periferieininga Sámos i periferien Dei nordlege egeiske øyane i Hellas og hovudsete i kommunen Aust-Sámos og i periferieininga Sámos.[2][3] Sámos by er opphavleg hamna til den gamle hovudbyen Vathý og har tidlegare vore kalla Káto Vathý (gresk Κάτω Βαθύ, «nedre Vathý») og Limín Vathéos (gresk Λιμήν Βαθέος, «hamna til Vathý»).