Dei låge Beskidane eller Dei lågare Beskidane (polsk Beskid Niski , slovakisk Nízke Beskydy ) er ein del av fjellkjeda Beskidane i Dei ytre austlege Karpatane søraust i Polen og nordaust i Slovakia . Det er ein åslendt region i Prešov i Sanok fylke og Jasło fylke mellom Busov, Ondavská vrchovina, Laborecká vrchovina, Beskydské predhorie i Slovakia, Beskid Sądecki , Pogórze Bukowskie og Bieszczady nær elvane Wisłoka , Wisłok og Osława i Polen.
Fjellet har to fråskilde fjelltoppar, ein på 1002 moh. (Busov ) og ein på 997 moh. (Lackowa ).
Dei låge Beskidane skil Dei austlege frå Dei vestlege Karpatane .
Det opphavlege plante- og dyrelivet er bevart sidan området ligg så pass isolert. Fjellkjeda er dekt av bøkeskog og er i dag verna som ein del av Magurski nasjonalpark og Jaśliski Park Krajobrazowy . Av dyr som lever her finn ein svartstork , rådyr og ulv .
Inndeling
Dei låge Beskidane = b1+b2+b3+b4 ; del av Dei ytre austlege Karpatane
Det finst fleire forskjellige måtar å dele inn Beskidane på, og det finst fleire forskjellige definisjonar:
Busov (Slovakia)
Ondavská vrchovina (Slovakia)
Laborecká vrchovina Slovakia),
Beskydské predhorie (Slovakia)
Góry Grybowskie - nær elvane Kamienica og Biała (Polen)
Góry Hańczowskie - nær elvane Biała, Ropa og Zdynia (Polen)
Beskid Gorlicki - nær elva Biała og landsbyane Radocyna, Bartne , Wołowiec
Pasmo Magurskie - fjellkjedene Magura Wątkowska og Małastowskie
Beskid Dukielski - mellom elvane Wisłoka og Tabor (Polen)
Gniazdo Jawornika - mellom elvane Jasiołki i Wisłoka (Polen)
Pasmo Bukowicy og Kamienifjellet - mellom elvane Wisłok og Osławica
Pasmo graniczne - nær elva Bełcza, (Polen)
Wzgórza Rymanowskie - nær elva Tabor (Polen)
Historie
Beskid Niski i Polen
Regionen vart mykje kjempa om mellom Polen , Kievriket og Ungarn frå minst 800-talet . Fram til 1947 var 45 % av folkesetnaden i fjella lemkarar og dolinianarar, 45 % polske høglendarar og 10% jødar . Drapet av den polske generalen Karol Świerczewski i Jabłonki av den ukrainske opprørshæren i 1947 var den direkte årsaka til at lemkarane vart flytta frå området, den såkalla Operasjon Wisła .
Nízke Beskydy i Slovakia
Dagens Nízke Beskydy har vore busett sidan steinalderen . Dei slaviske forfedrane til slovakane flytta gradvis til området Humenné og Bardejov under den store folkevandringa som starta på 400-talet. Ein intensiv og organisert busetjing av området starta på midten av 1200-talet etter mongolane hadde plyndra området. Dei første skriftlege kjeldene om byen er frå 1240-talet då munkar frå Bardejov klaga til kong Béla IV om brot på bygrensene av Prešov .
Landsbyar
Viktig landsbyar i regionen er:
Etniske grupper
Kjelder
Prof. Jerzy Kondracki. Geografia fizyczna Polski Warszawa : Państ. Wydaw. Naukowe , 1988, ISBN 83-01-02323-6 .
Prof. Jadwiga Warszyńska. Karpaty Polskie : przyroda, człowiek i jego działalność ; Uniwersytet Jagielloński. Kraków , 1995 ISBN 83-233-0852-7 .