Dedicated to the One I Love

Dedicated to the One I Love
Singel av The Shirelles
B-side

«Look a Here Baby»

Utgjeve Mai 1959
1961 (nyutgjeving)
Innspelt Beltone Studios
New York City i USA
Sjanger Pop, soul
Lengd 2:03
Selskap Scepter
Låtskrivar(ar) Lowman Pauling, Ralph Bass
Produsent Florence Greenberg, Stan Greenberg
The Shirelles-kronologi 
«Will You Love Me Tomorrow»
(1960)
Dedicated to the One I Love «Mama Said»
(1961)


«Dedicated to the One I Love» er ein song skriven av Lowman Pauling og Ralph Bass som var ein hit for The "5" Royales, The Shirelles og The Mamas & the Papas.[1] Pauling var gitarist for The "5" Royales, gruppa om spelte inn den originale versjonen av songen, produsert av Bass, i 1957. Versjonen deira kom ut på ny i 1961 og nådde 81. plassen på Billboard Hot 100.[2]

The Shirelles-versjonen

Ein versjon av den amerikanske jentegruppa The Shirelles[1] nådde 83. plassen på den amerikanske hitlista i 1959.[3] Denne versjonen kom ut på ny i 1961 og klatra då heilt til tredjeplassen på Billboard Hot 100 og andreplassen på R&B-lista.[4] Songen vart utgjeven på albumet deira Tonight's the Night i 1961.

The Mamas & The Papas-versjonen

Dedicated to the One I Love
Singel av The Mamas & the Papas
frå albumet The Mamas & The Papas Deliver
B-side

«Free Advice»

Utgjeve 1967
Innspelt 26. november 1966, Western Recorders, 6000 Sunset Boulevard Hollywood CA
Sjanger Pop
Lengd 2:56
Selskap Dunhill
Låtskrivar(ar) Lowman Pauling, Ralph Bass
Produsent Lou Adler
The Mamas & the Papas-kronologi 
«Words of Love»
(1966)
Dedicated to the One I Love «Creeque Alley»
(1967)


Ein populær versjon vart spelt inn av The Mamas & the Papas[1] og gjeven ut på Dunhill. Singelen nådde andreplassen på Billboard Hot 100 i 1967.[5] Denne versjonen nådde òg andreplassen på UK Singles Chart.[6] Hovudsongaren på denne versjonen var Michelle Phillips. Det var første gongen Phillips song solo på åein song og ikkje Cass Elliot. Songen kom ut på albumet The Mamas & The Papas Deliver i 1967.

Andre versjonar

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 Gilliland, John (1969). «Show 36 - The Rubberization of Soul: The Great Pop Music Renaissance. [Part 2]: UNT Digital Library» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. Henta 21. februar 2018. 
  2. «Dedicated to the One I Love (song by The 5 Royales) • Music VF, US & UK hits charts». Musicvf.com. 23. januar 1961. Henta 21. februar 2018. 
  3. «Dedicated to the One I Love (song by The Shirelles) • Music VF, US & UK hits charts». Musicvf.com. 13. juli 1959. Henta 21. februar 2018. 
  4. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942–2004. Record Research. s. 523. 
  5. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits (8th utg.). Record Research. s. 392. 
  6. «Dedicated to the One I Love (song by The Mamas & the Papas) • Music VF, US & UK hits charts». Musicvf.com. 25. februar 1967. Henta 21. februar 2018. 
  7. «Johnny Preston – Running Bear '65 / Dedicated To The One I Love – Hall – USA – 45-1927». 45cat.com. 20. mars 1965. Henta 21. februar 2018. 
  8. «The Lettermen – Spring! (Vinyl, LP, Album)». Discogs.com. Henta 21. februar 2018. 
  9. «The O'Kaysions, Girl Watcher». Henta 21. februar 2018. 
  10. «Dedicated to the One I Love (song by The Temprees) • Music VF, US & UK hits charts». Musicvf.com. Henta 21. februar 2018. 
  11. «Dedicated to the One I Love (song by Bernadette Peters) • Music VF, US & UK hits charts». Musicvf.com. Henta 21. februar 2018. 
  12. «Dedicated to the One I Love (song by Bitty McLean) • Music VF, US & UK hits charts». Musicvf.com. Henta 21. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff