Day Island er ei øy som ligg like sør for The Gullet og 2 nautiske mil nord for Wyatt Island i den nordlege delen av Laubeuf Fjord, utanfor vestkysten av Graham Land. Ho vart først kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition under Rymill, som nytta det provisoriske namnet Middle Island for denne øya. Øya vart kartlagd på ny i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey og fekk det nye namnet av dei etter viseadmiral sir Archibald Day, hydrograf i marinen.[1]
Sjå òg
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Day Island» (innhald frå Geographic Names Information System).