På 1100-talet hadde den lokale herskaren grev Guy IV av Albon (om lag 1095-1142) ein delfin på våpenskjoldet sitt og fekk kallenamnet le Dauphin (fransk for delfin). Etterkomarane hans endra tittelen deira frå greve av Albon til Dauphin av Viennois, etter familiesetet i Vienne. Herskaren vart kjend under denne tittelen til 1349, då den barnlause Humbert II av Viennois selde herskapet til kong Filip VI. Eit av vilkåra var at arvingen av den franske trona skulle kallast le Dauphin, noko som vart tilfelle fram til den franske revolusjonen. Den første Dauphin de France var barnebarnet til Filip, den framtidige Karl V av Frankrike. Tittelen kreerte òg ein apanasje på regionen. Ludvig XI var den einaste franske kongen som budde i lengre tider i Dauphiné. Avtalen til Humbert medførte òg at Dauphiné vart friteken frå fleire skattar og pålegg. Dette vedtekta førte til mykje parlamentarisk debatt på regionsnivå, sidan lokale leiarar ønskte å forsvare det regionale sjølvstende og privilegia dei hadde frå staten.