Fjorden har innløp mellom Bjørkvoll i nord og Rysteneset i sør. Frå her går fjorden nesten rett sørover.
På austsida av fjorden har ein i retning innover: Kornberg, Nautvik og Dale.
Inst i fjorden ligg Steinsvik.
På vestsida av fjorden i retning utover har ein: Åmelfot, Innselset, Aksnes, Dravlausbygda, som inneheld: Løvik, Holen, Lisjemyra, Dravlaus, Ulvestadbygda som inneheld Sætre, Lauvstad og Ulvestad og Velsvik.
Fv5890 går langs begge sider av fjorden. Det går ferje mellom Lauvstad og Volda.
Dalsfjord var eigen kommune, skild ut frå Volda frå 1. januar 1924, fram til den igjen blei slått saman med Volda frå 1. januar 1964 til den nye Volda kommune.