Dalsfjord blei frådelt frå Volda som eigen kommune 1. juli1924. Kommunen hadde ved etableringa 960 innbyggarar.
1. januar 1964 blei Dalsfjord igjen slått saman med Volda til den nye Volda kommune. Dalsfjord sitt innbyggartal hadde på dette tidspunktet auka til 1151.
På austsida av fjorden har ein i retning innover: Kornberg, Nautvik og Dale.
Inst i fjorden ligg Steinsvik.
På vestsida av fjorden i retning utover har ein: Åmelfot, Inselset, Aksnes, Løvik, Holen, Lisjemyra, Dravlaus, Lauvstad og Velsvik.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for gamle Dalsfjord kommune frå 1924 til 1964: