Dagali kyrkje er ei langkyrkje i Hol kommune, Viken.
Kyrkja vart oppført av byggmeister Ole S. Fjøslien etter ei typeteikning av slottsarkitekt Linstow og vigsla i 1850. Så vart ho utvida i 1912–13 og 1972–73.
Altartavla er frå 1923, men ramma vart utvida i 1932. Døypefonten er dreid av ein kubbe.