Dag Østerberg (9. november 1938–22. februar 2017) var ein norsk sosiolog og filosof, oppvaksen i Trondheim.
Samfunnstenkar og vitskapsmann
Østerberg har vore ein viktig person innanfor norsk samfunnstenking den andre halvdelen av 1900-talet. Han medverka kring fleire tema, som til dømes vitskapsteori, marxisme, sosiologihistorie, konsekvensar i moderniteten og arkitektur.
Østerberg var professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo, men sa frå seg stillinga. Han var seinare professor II ved Institutt for musikkvitskap same stad.
I 2002 fekk Østerberg Det Norske Akademis Pris til minne om Thorleif Dahl.
Sjakkspelar
Dag Østerberg var ein sterk sjakkspelar, junior-noregsmeister i sjakk 1956, delt med Eivind Stensholt.[1]
Bibliografi
Litteratur
- Svein Sundbø: Dag Østerberg - en kronologisk bibliografi over forfatterskapet 1955-1999. - Oslo: Nasjonalbibliotekets bibliografier, nr. 3 1999. - 51 s.
Kjelder
Fotnotar
- ↑ Brekke 2014 s. 295