Cuyoøyane er ei øygruppe på rundt 45 øyar nordaust for Palawan på Filippinane.[1] Ho ligg sør for Mindoro og mellom Nord-Palawan og Panay. Den største øya er Cuyo med eit areal på 57 km² og ei lengd på rundt 14 km. Dei 45 øyane og holmane har til saman eit areal på 130 km²..[2]
Til saman 45 718 menneske bur på Cuyoøyane.[3]
Cuyoøyane er vidare delt inn i to grupper: Quiniluban-gruppa i nord og Cuyo-gruppa i sør. På dei sørlege øyane ligg dei tre sentera Cuyo, Agutaya og Magsaysay.
Geologisk sett er øyane knytte til hovudøya Palawan. Dei ligg ved vestenden av den vulkanske Luzon-bogen.[2] Cuyo-øya er vulkansk. Dei nordlege Quiniluban-øyane ser ut til å vera opphøgde atollar, men høgdene til nokre av fjelltoppane der tyder på vulkansk løfting. Mange andre øyar i gruppa er fullstendig av korallopphav.[2]