Crash Bandicoot: The Wrath of Cortex er eit plattformspel utgjeve av Universal Interactive Studios (Konami for Japan) og utvikla av Traveler's Tale for PlayStation 2, Xbox, og Nintendo GameCube-spelkonsollar. PlayStation 2-versjonen blei utgjeven i Nord-Amerika 29. oktober 2001, i Europa 23. november 2001 og i Japan 20. desember 2001. Xbox-versjonen blei sleppt ut i Nord-Amerika 15. april 2002, i Europa 26. april 2002 og i Japan 24. oktober 2002. Nintendo GameCube-versjonen kom ut i Nord-Amerika 17. september 2002, i Europa 1. november 2002 og i Japan den 4. desember 2003. Det var også eitt av lanseringsspela til Xbox Originals-tenesta den 4. desember 2007.
Kjelder