Denne artikkelen handlar om Coombe Hill i East Sussex. For åsen i Buckinghamshire, sjå Coombe Hill i Buckinghamshire.
Coombe Hill eller Combe Hill er ein ås nær Jevington i det engelske grevskapet East Sussex. Det er gjort funn etter ei inngjerding frå steinalderen og mange seinare arkeologiske funn.
Inngjerdinga vart bygd kring 3200 f.Kr. og består av to sirkelforma grøfter med eit indre areal på kring 6 000 m².