Utspringet ligg i åsane Amuri Range nær Palmer Saddle, og elva renn i 30 km mot søraust gjennom Hundalee Hills i den sørlege delen av Seaward Kaikoura Mountains, før ho vender mot nordaust og munnar ut i Stillehavet 30 kilometer sør for Kaikoura. Charwell-elva er ei sideelv.[1] Elva fekk truleg namn etter Conwy-elva i Nord-Wales, då dette var heimstaden til Thomas Hanmer, som åtte Hawkeswood Station nær denne elva på 1850-talet.[2]