xx
Col d'Aubisque er eit 1 709 meter høgt fjellpass i dei franske Pyreneane.
Frå vest mot aust knyter passet saman Laruns i Vallée d’Ossau med Argelès-Gazost i Gave de Pau-dalen. På vestsida ligg kurstaden Eaux-Bonnes og skidestinasjonen Gourette. På austsida kjem ein til eit anna pass, det 1 474 meter høge Col du Soulor. Col d'Aubisque er ein av dei mest kjente klatreetappane i Tour de France og har vore brukt 71 gonger.
Litteratur
- Kristian Bauer: Roadbook Tour de France, Bruckmann Verlag 2006, ISBN 978-3-765444-77-7
- Peter Leissl, Die legendären Anstiege der Tour de France, Covadonga 2004, ISBN 978-3-936973-09-9
- Philippe Bouvet, Philippe Brunel, Serge Laget, Philippe Le Men, Christian Naitslimane: Cols mythiques du Tour de France, L’Équipe 2005, ISBN 978-2-915535-09-9
Bakgrunnsstoff