Citi Zēni |
|
|
Aktiv | 2020– |
Citi Zēni er eit latvisk poprap-band som vart skipa i 2020. Gruppa har seks medlemmar, og dei slapp debutalbumet sitt i 2021. Året etter vann Citi Zēni songtevlinga Supernova på LTV med låten «Eat Your Salad». Som følgje av sigeren fekk dei representere Latvia i Eurovision Song Contest 2022.[1]
Bakgrunn
Citi Zēni vart skipa i mars 2020 under ein låtskrivarleir i Riga.[2] Året etter, i 2021, gav bandet ut debutalbumet Suņi iziet ielās.[3] Namnet på bandet kan omsetjast til 'andre guttar', og bandet beskriv seg sjølv som eit «sekspersoners musikknummer frå Aust-Europa, som kjøpslår innan alternativ einhyrningspop».[4]
I 2022 var Citi Zēni blant deltakarane i Supernova, den latviske uttakinga til Eurovision Song Contest. Der deltok dei med songen «Eat Your Salad».[5] Bandet gjekk vidare frå semifinalane og kvalifiserte seg til finalen 12. februar, der dei vann. Som følgje av sigeren fekk Citi Zēni representere Latvia i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[4] Dei deltok i den fyrste semifinale, men kvalifiserte seg ikkje til finalen etter å ha vorte nummer 14 i semifinalen.[6]
Diskografi
Album
Singlar
- 2020 – «Vienmēr kavēju»
- 2020 – «Parādi kas tas ir»
- 2021 – «Suņi iziet ielās»
- 2021 – «Skaistās kājas»
- 2021 – «Limuzīns uz Krīta»
- 2022 – «Eat Your Salad»
- 2022 – «Lieka štuka»
Kjelder