Château-Thierry er ein by og kommune nordaust i Frankrike, om lag 100 km nordaust for Paris ved elva Marne. Han er og sous-préfecture i departementet Aisne i regionen Hauts-de-France. Byen har om lag 15 000 innbyggjarar.
Historie
Château-Thierry var åstad for to viktige slag. Det førte var slaget ved Château-Thierry i 1814 under Napoleonskrigane mellom Frankrike og Preussen, og det andre var slaget ved Château-Thierry i 1918 under den første verdskrigen mellom USA og Tyskland.
I 1918 vart sokkelen til den frykta Pariskanonen funne nær slottet i byen. Sjølve kanonen vart aldri funne.
Bakgrunnsstoff