Chur eller Coire (retoromanskCuira; italienskCoira, franskCoire) er hovudstaden i den sveitsiskekantonenGraubünden og ligg nord i kantonen. Kommunen har 33 756 innbyggjarar (2010) og eit areal på 28 km². Kommunesenteret ligg 593 meter over havet. Byen er hovudsakleg tyskspråkleg (81 %). Mange snakkar i tillegg retoromansk, og byen har eit retoromansk senter (Rätisches Museum). Italiensk vert snakka av ca. 5 %.
Byen ligg i Alpenrhein-dalen og har ein strategisk posisjon til fleire fjellovergangar, mellom anna til Oberalp-, Bernardino-, Splügen-, Julier- og Albulapasset. Chur ligg på høgresida av elva Plessur, like før han han renn ut av Schanfiggdalen, om lag 1,5 km før ho munnar ut i Rhinen. Han er nesten heilt omgjeven av Alpane, med fjella Mittenberg (aust) og Pizokel (sør).
Chur er den eldste byen og det aller første bispesetet på nordsida av Alpane. Curia vart i 15 f.Kr. hovudstaden i den romerske provinsen Raetia prima.
Bispesetet vart første gongen nemnd i 451 e.Kr., men er sannsynlegvis eldre. Chur bispedømme eigde store område både i nærområda til byen, og i Engadin og Vinschgau i Tirol.