Chesterfield Inlet (inuktitutIgluligaarjuk, ᐃᒡᓗᓕᒑᕐᔪᒃ) er ein busetnad ved kysten av Hudsonbukta i Kivalliq i det kanadiske territoriet Nunavut. Han ligg ved munningen av Chesterfield-bukta, eller Chesterfield Inlet, same namn som busetnaden. I 2016 hadde staden 437 innbyggjarar.[1] Chesterfield Inlet Airport ligg i nærleiken av busetnaden.
Namn og historie
Namnet Igluligaarjuk tyder 'stad med nokre få hus'. Chesterfield Inlet har namn etter Philip Dormer (Stanhope), 4. jarlen av Chesterfield (1694-1773), som var Secretary of State for the Northern Department 1746-48.[2] Namnet blir også forkorta til Chester.[3]
Busetnaden blei skipa på midten av 1800-talet. Han ligg langs Nordvestpassasjen, og på 1800-talet kunne kvalfangarar som kom til området overvintra her eller i nærleiken. Dei hyra inuittar til å jakta med seg.[2]
Tidleg på 1900-talet blei han hovudsenteret for Hudson’s Bay Company sine handelspostar i området knytte til pelshandelen.[3]
I 1914 skipa Royal North West Mounted Police ein stasjon her, etter tidlegare å ha vore i Cape Fullerton, nordaust for Chesterfield Inlet. Politiet patruljerte kysten og administrerte kvalfangst, toll, og heldt orden.[2]
Folkesetnad
Befolkningsutvikling
År
Bef.
±%
1976
243
—
1981
249
+2,5 %
1986
294
+18,1 %
1991
316
+7,5 %
1996
337
+6,6 %
2001
345
+2,4 %
2006
332
−3,8 %
2011
313
−5,7 %
2016
437
+39,6 %
2021
397
−9,2 %
Ved folketeljinga i 2021 hadde Chesterfield Inlet 397 innbyggjarar som budde i 116 av dei totalt 131 private husa her.[4]
Klima
Chesterfield Inlet har subarktisk klima (Dfc) med korte, kjølige somrar og lange, kalde vintrar.