Carl Zeiss AG er eit føretak i Tyskland som lagar optiske system, industrielle måleinstrument og legeutstyr. Det vart grunnlagd i Jena i 1846 av Carl Zeiss, Ernst Abbe og Otto Schott. Det finst i dag to delar av selskapet, Carl Zeiss AG i Oberkochen med viktige dotterselskap i Aalen, Göttingen og München, og Carl Zeiss GmbH som ligg i Jena. Det er den største produsenten av optisk utstyr i verda.
Carl Zeiss er det største føretaket i Zeiss Gruppe, ein av to store avdelinga av Carl-Zeiss-Stiftung. Zeiss Gruppe ligg i Heidenheim og Jena.
Carl Zeiss er ein av dei eldste eksisterande føretaka for optiske instrument i verda.
Produkt
Kamera
Zeiss Ikon
Det tradisjonsrike namnet Zeiss Ikon atteroppstod då Zeiss introduserte nye Zeiss Ikon i 2004. Dette er eit kamera i klasse med Leica og nyttar òg den same objektivfatninga, Leica M-fatning. Zeiss Ikon er produsert i Japan av Cosina.
Optikk
ZM-objektiv
ZM er objektiv med Leica M-fatning til det nye Zeiss Ikon-kameraet. (Eller, Zeiss Ikon er eit kamera til dei nye ZM-objektiva.) Dei passar òg til andre kamerahus med M-fatning, til dømes Konica Hexar, Cosina Voigtländer Bessa R, Rollei 35RF og Epson R-D. Somme av objektiva vert laga i Tyskland av Carl Zeiss, dei andre i Japan av Cosina.
Carl Zeiss Distagon T✻ 1:2.8 15 mm (Laga i Tyskland)
Carl Zeiss Distagon T✻ 1:4.0 18 mm
Carl Zeiss Distagon T✻ 1:2.8 21 mm
Carl Zeiss C Biogon T✻ 1:4.5 21 mm ("C" står for "compact")
Carl Zeiss Biogon T✻ 1:2.8 25 mm
Carl Zeiss Biogon T✻ 1:2.8 28 mm
Carl Zeiss Biogon T✻ 1:2.0 35 mm
Carl Zeiss C Biogon T✻ 1:2.8 35 mm ("C" for "compact")
Carl Zeiss C Sonnar T✻ 1:1.5 50 mm ("C" for "compact" og "classic")
Carl Zeiss Planar T✻ 1:2.0 50 mm
Carl Zeiss Tele-Tessar T✻ 1:4.0 85 mm
Carl Zeiss Sonnar T✻ 1:2.0 85 mm (Laga i Tyskland)