Carl Julius Evensen (3. desember 1851–3. oktober 1937) var ein norsk ishavsskipper og oppdagar.
Han var fødd i 1851 i Sandefjord. Han utforska Antarktis i lag med mellom andre Carl Anton Larsen, og i 1893 nådde han Den antarktiske halvøya med dampbarken «Hertha» ved 69° 10ʹ sørleg breidde. Reisene til Evensen og Larsen var medverkande til å vekke interessa for utforskinga av Antarktis.[1] Mellom anna oppdaga han truleg Hugo Island.
Han har fått Cape Evensen og Evensen Nunatak i Antarktis kalla opp etter seg.
Personleg liv
Carl Julius Evensen var gift med Severine Marie Jensen i 1879. Karl var skippar og budde i Oslo og Sandefjord. Carl og Severine fekk åtte barn i alt, og dei fleste emigrerte til USA.[2]
Kjelder