Larsen grunnla Grytviken på Sør-Georgia den 16. november 1904 som ein kvalfangststasjon for selskapet sitt Compañía Argentina de Pesca (‘Argentinas fiskekompani’). Selskapet vart ein stor økonomisk suksess i starten, men vart nedlagd i 1966 på grunn av at det var lite kval att.
Larsenisen i det nordvestlege Weddellhavet, like ved austkysten av Antarktishalvøya er oppkalla etter Carl A. Larsen. Han sigla langs denne kysten i 1893. Området er 86 000 km², unnateke ein del øyar som er dekte av isen. Han har òg fått Mount Larsen og Larsen Nunatak kalla opp etter seg.