Cërrik er ein by og ein kommune i regionen Elbasan i Albania. Kommunen ligg sentralt i landet og grensar i sørvest til regionen Berat.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Cërrik vart slått saman med landkommunane Gostimë, Mollas, Shalës og Klos.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Cërrik.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Cërrik 6 695 innbyggjarar, medan dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Cërrik, til saman hadde 27 445 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Cërrik ein del av distriktet Elbasan.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Cërrik.[2]
Referansar