Børge Christian Jessen (19. juni 1907–20. mars 1993) var ein dansk matematikar, mest kjend for arbeidet sitt innan analyse, særleg zetafunksjonen, og i geometri, særleg Hilberts tredje problem.
Han tok doktorgraden i 1930 og var professor i geometri ved Danmarks Tekniske Højskole frå 1935, og professor ved Københavns Universitet frå 1942 til 1977. Han var formann i direksjonen for Carlsbergfondet frå 1955 til 1963. Han arbeidde mellom anna i lag med Harald Bohr.
Kjelder
«Børge_Jessen» i Store norske leksikon, snl.no.