Harald August Bohr (22. april 1887–22. januar 1951) var ein dansk matematikar og fotballspelar. Han var bror til nobelprisvinnaren og fysikaren Niels Bohr.
Karriere
Matematikk
Etter at han tok doktorgraden i 1910 vart Bohr ein framståande matematikar og grunnla feltet nesten-periodiske funksjonar. Andre arbeid var emne frå den analytiske talteorien med viktige bidrag til det enno uløyste problemet om fordelinga av nullpunkta for den riemannske zeta-funksjonen. Alle avhandlingane til Bohr vart gjevne ut i 1952.
Fotball
Som student var han ein dyktig fotballspelar og spelte for det danske landslaget under sommar-OL 1908, der han vann ein sølvmedalje.
Kjelder
«Harald August Bohr» i Store norske leksikon, snl.no.