I folketeljinga frå 1801 var det 101 som hadde namnet Børge, dei fleste budde på Vestlandet. Éin vart innskriven som Børrie. Namneforma Børger var òg bruka, men er ikkje telt med her.
I 1900 var 77 listeførte med namnet Børge, flest i Møre og Romsdal og Rogaland. To vart innskrivne som Børje, begge i Telemark
I 2008 hadde 1 880 menn Børge til første fornamn. 89 heitte Børje.