Béla Bartók (25. mars1881–26. september1945), fullstendig ungarsk namn Bartók Béla Viktor János, var ein ungarskkomponist og pianist. Han var ein leiande komponist på 1900-talet, og er saman med Liszt rekna som Ungarns største komponistar. Bartók høyrer til modernismen, men samla og fann inspirasjon i folkemusikk, og er rekna som ein av grunnleggjarane av etnomusikologi.
Faren døydde då han var fem, og familien flytta først til Nagyszőlős (no Vynohradiv i Ukraina) og deretter Pozsony (no Bratislava i Slovakia). Det var her Béla Bartók heldt sin første konsert, elleve år gammal. Konserten, som mellom anna inneheldt eigenkomponerte stykke, fekk ei varm kritisk mottaking, og László Erkel tok imot Bartók som elev.
I 1900 byrja Bartók å studere ved musikkonservatoriet i Budapest, og etter 8 år vart han professor der. Han gifta seg med ein av elevane sine, og paret fekk ein son. Han skilde seg frå kona Marta i 1923, nokre år etter den første store suksessen sin, operaen Riddar Blåskjegg.
Bartok var svært interessert i folkemusikk og han vigde ein stor del av livet sitt til å studere den ungarske og rumenske musikktradisjonen. Han samla og gav ut om lag 2000 folkemelodiar. Bartok sin eigen musikk hadde òg sterk innverknad frå harmonikk og særskilde rytmar i folkemusikken.
I 1940 utvandra han til USA frå Ungarn, og slo seg ned i New York. I løpet av tida i Amerika, trass i dårleg helse og økonomi, skreiv Bartók det mest vidkjende verket sitt Konsert for orkester.
Verk
Sceniske verk
1911: Ridder Blåskjeggs borg. Opera i ei akt, urframført 1918