Det er 103 byar i Litauen (by er miestas på litauisk i eintal og miestai i fleirtal). Det er Seimas, det litauiske parlamentet, som avgjer kven som får bystatus om tettstaden har meir enn 3 000 innbyggjarar der minst to tredjedelar arbeider i industrien eller servicenæringa. Busetnader med mindre enn 3 000 innbyggjarar som historisk har hatt bystatus har fått halde på denne statusen. Mindre busetnader vert kalla miestelis (fleirtal miesteliai) eller småbyar. Enno mindre busetnadar (landsbyar) vert kalla kaimas (fleirtal kaimai). Ofte er ikkje den offisielle statusen klar og folk referer til både småbyar og byar som gyvenvietė (fleirtal gyvenvietės) som hovudsakleg tyder busetnad.
Byane byrja å oppstå på 1200- til 1300-talet i samband med Storfyrstedømet Litauen. Den første byen som fekk byrettar var Klaipėda. I følgje mellomalderlovene kunne byar ha sine eigne marknadar, vertshus, laug og slott. Nokre av dei tidlegare byane mista statusen sin og er i dag berre småbyar eller landsbyar, som Kernavė eller Merkinė. Dei fleste av byane i Litauen er gamle og grunnlagd før 1700-talet. Plasseringa deira vart hovudsakleg avgjort av handel og transportruter. Nokre av dei nyare byane voks fram då jernbanen kom til dei, som til dømes Kaišiadorys, Vievis, Radviliškis, Ignalina eller Mažeikiai. I løpet av dei siste hundre åra voks nokre av byane fram som store industrisenter, som Visaginas, Elektrėnai eller Naujoji Akmenė. Fire byar, Birštonas, Druskininkai, Neringa og Palanga har ein spesiell status som ferieby.
Dei fleste byane er små. Det er berre 19 byar med meir enn 20 000 innbyggjarar. Byane er forholdsvis jamt spreidd rundt i landet og dette har gjeve eit godt grunnlag for økonomisk utvikling i alle delar av landet. Om lag 66,7 % av innbyggjarane i Litauen (etter folketeljinga i 2001) bur i byar og denne prosentdelen veks.
Byar
Kart
Kartet viser alle byane markert med raude prikkar. Store byar er skrive med store bokstavar. Klikk på kartet for betre oppløysing.