Bulbul (arabisk بلبل) er ein landsby nord i Syria i Aleppo guvernement, nordvest for Aleppo nær grensa til Tyrkia. Av stader i nærleiken finn ein Maydan Ikbis i vest, Rajo i sørvest og Maabatli i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Bulbul eit folketal på 1 742 i 2004. Byen er òg det adminsitrative senteret i Bulbul nahiyah i Afrin-distriktet som består av 34 landsbyar med eit samla folketal på 12 573.[1]
Kjelder