Britannia var eit latinsk namn på Dei britiske øyane, og Romersk Britannia var ein romerskprovins mellom 44 og 410 som på sitt største omfatta størsteparten av dagens England og Wales. Kvinnefiguren «Britannia» dukka snart opp som eit symbol på landområdet, i ei utforming ikkje ulik den til krigsgudinna Minerva. I desse romerske framstillingane er ho typisk framstilt som ei vakker ung kvinne iført ein kvitt drakt med høgre bryst synleg og centurionhjelm på hovudet. Ho sit ofte på ein stein med eit spyd i handa, med eit skjold ved sida av.
Namnet Britannia blei brukt også etter at romarane forlét øya Storbritannia. Det blei også brukt om Armoricahalvøya, eller Bretagne («Vesle» Britannia), etter at britar slo seg ned der. Det engelske namnet på Bretagne er «Brittany».