Sjakk-Oscar, world chess champion, Sjakk-Oscar, Ærestegnets orden, «Arbeidets helt«-medaljen, Idrettens mester i Sovjetunionen, Æresdiplom fra Russlands president
Boris Spasskij vart junior-verdsmeister i sjakk i 1955. Same året blei han stormeister i sjakk, som den yngste til då. I 1956 delte han førsteplassen i Sovjetmeisterskapen i sjakk, noko han også gjorde i 1963, og han vann åleine i 1961 og 1973.
Sju gongar kvalifiserte han seg for kandidatturneringa til VM i sjakk, i 1956, 1965, 1968, 1974, 1977, 1980 og 1985. Han vann kandidatturneringa i 1965, og kvalifiserte seg til VM-kamp mot Tigran Petrosjan i 1966, men tapte denne. Ved neste høve gjekk det betre, han vann også kandidaturneringa i 1968, og deretter i 1969 VM-kampen mot Petrosjan.
Boris Spasskij vart tildelt Sjakk-Oscar for åra 1968 og 1969.
Tre år etter måtte Spasskij likevel gje frå seg VM-tittelen, etter at han tapte VM-kampen i Reykjavik mot Bobby Fischer i 1972.
[1] Spasskij-David Bronstein, Sovjetmeisterskapen 1960, Kongegambit, 1-0, 23 trekk - Spasskij slår VM-finalisten i 1951 med kongegambit
[2] Spasskij-Tigran Petrosjan, VM 1969, det 19. partiet, Siciliansk, Najdorf-varianten, 1-0, 24 trekk - med siger i dette partiet går Spasskij opp i leiinga med 10,5-8,5 i VM
[3] Bent Larsen-Spasskij, Resten av verda mot Sovjetunionen, Beograd 1970, første runde, 17 trekk - Spasskij utnyttar Larsen sitt svake opningsspel med spektakulære trekk