Bohem (frå det franske namnet på Böhmen, Bohême) viser til nokon som lever eit ubunde, ukonvensjonelt liv, gjerne som kunstnar, forfattar, intellektuell eller liknande.[1]
Omgrepet bohémien viste opphavleg til franske sigøynarar, som var komne til landet gjennom Böhmen. På 1800-talet blei omgrepet også teke i bruk om målarar, forfattarar, musikarar og skodespelarar som slo seg ned i sigøynarområde og levde fattigsleg, men «fritt» frå borgarlege konvensjonar. Denne tydinga av ordet blei utbreidd gjennom Scènes de la vie de Bohème (1848) av Henri Murger,[1] som gav inspirasjon til operaen La bohème (1896) av Puccini.
«Bohem» blei også brukt om kunstnarkretsar andre stader.
Under borgarkrigen blei «bohem» nytta som tittel av ei rekkje ulike avisreporterar, og blei eit synonym for ein ein som skreiv i avisa.[3]
Mark Twain omtalte seg sjølv og Charles Warren Stoddard som bohemar i 1867.[3] I 1872 nytta ei gruppe journalistar og kunstnarar i San Francisco, som jamleg kom saman til kulturelle tilstellingar, namnet om klubben sin, Bohemian Club.[5]Bohemian Grove nord for byen blei seinare knytt til klubben.
Norske bohemar
I Noreg er ordet knytt til Kristiania-bohemen. Også her blei namnet kjent gjennom ei bok, Fra Kristiania-bohêmen (1885) av Hans Jæger.[1] Ni «Bohêmbud» tilskrivne Jæger er også godt kjende frå denne tida. Den litterære rørsla knytt til mellom anna Jæger, Christian Krohg og Arne Garborg, er blitt kjend som bohemrørsla.[6]
Annan bruk av ordet
Bohemene vart på 1960-talet eit kallenamn på Vålerenga Fotball, på bakgrunn av den uhøgtidelege stilen og dei kjappe replikkane som kjenneteikna dette miljøet.
↑Roy Kotynek, John Cohassey (2008). American Cultural Rebels: Avant-Garde and Bohemian Artists, Writers and Musicians from the 1850s through the 1960s. McFarland
↑ 4,04,1Tarnoff, Benjamin (2014). The Bohemians: Mark Twain and the San Francisco Writers Who Reinvented American Literature. Penguin Press. s. 54–55. ISBN978-1594204739.