Bless Its Pointed Little Head er eit konsertalbum av Jefferson Airplane spelt inn på både Fillmore East og West hausten 1968 og gjeven ut i 1969. Fem songar på albumet hadde ikkje kome ut på nokre av dei tidlegare studioplatene til bandet. Songane som fanst på tidlegare album er her omgjort til langt tyngre versjonar. Høgdepunkt på albumet er mellom anna vandrebassen til Jack Casady som dominerer heile settet og bluessongen «Rock Me Baby» som er ein forsmak på det seinare bandet til Casady og Kaukonen, Hot Tuna.
Av særleg interesse er grupperinga på Donovan-songen «Fat Angel», som syner kor allsidige bandet var. Marty Balin spelar bass, Casady er rytmegitarist, medan Kaukonen og Kantner spelar sologitar. Albumet vert avslutta med den elleve minuttar lange improviserte «Bear Melt».
Fred Neil-songen «The Other Side of this Life» var ein favoritt for bandet, og dei hadde spelt songen på mange konsertar alt.
Innhald
Side ein
Nr.
Tittel
Låtskrivar(ar)
Lengd
1.
«Clergy» (innspelt 28.-30. november i Fillmore East)
Jefferson Airplane
1:32
2.
«3/5 of a Mile in 10 Seconds» (innspelt 24.-26. oktober i Fillmore West)