Bitterdram eller berre bitter viser til krydra brennevinar som er prega av at urtene som er tilsett er lite sukkerhaldige, slik at drikken gjerne er bitter i smak. Bitterdram blei opphavleg framstilt som ein drikk med medisinske og oppkvikkande eigenskapar, også kallaeliksir.[1] Mange bitterar blir selde i miniatyrflasker på 2, 4 eller opptil 10 cl. Dei blir ofte brukt etter eit større måltid i håp om at dei skal gje betre fordøying.
Typar
Absint blei utbreidd i 1880-åra og forboden ei tid før han igjen kunne selgjast. Den opphavlege absinten inneheldt for store mengdar av giftstoffet tujon som finst i malurt.
Angostura er ein amerikansk bitter med opphav i Angostura, ein by i Bolivar-distriktet i Venezuela. Han er mest brukt som dråpevis tilsetning i drinkar og cocktailar.
Fernet Branca er basert på anis og lakrisrot, og blir ofte brukt mot «laus mage».
Vinmonopolets bitter blei ofte brukt som «dagen derpå»-medisin. Hovudmotivet på etiketten var ein hane, og produktet blei derfor populært kalla «Kykkeliky».