Anis (Pimpinella anisum) er ein art i skjermplantefamilien.
Han er ein eittårig plante som stammar frå dei austlege middelhavslanda. Anis blir dyrka som krydderplante i alle tempererte land.
Frukta inneheld ei aromatisk olje, og blir brukt som krydder i brød og bakverk eller i anislikørar.
I folkemedisinen blei anis i tidligere tider brukt saman med karve i graut til omslag, og i kokt mjølk mot hoste og håsleik. Anisolje blei brukt mot sug for brystet, og var rekna som eit effektivt middel mot hoggormbit.
Kjelder