Som journalist arbeidde Birgit Nissen i Norges Kvinner 1920–29 og deretter i fråhaldsavisa Folket. Etter 1933 var ho «fri journalist i arbeiderpressen»,[2] og markerte seg «med skarp penn mot den gryende fascismen».[5] Ho arbeidde også i organisasjonstidsskrift som Hjemmene's vels blad, Arbeideren og Tidsskrift for alkoholfri kultur.
Ein periode var Birgit Nissen sekretær for Gustav Vigeland, og katalogiserte arbeidet hans.[1][4] Ho tileigna diktet Troyaborgens fremtidssagn til Vigeland.[6] Eit annet av Nissens dikt er tileigna Olaf Kullmann, offiseren som på 1930-talet markerte seg i offentlegheita som pasifist, danna Folkereisning mot krig i 1937 og døydde i Sachsenhausen i 1941. Nissen sitt dikt dedisert til Kullmann ber tittelen «Skitur».[7]
Nissen var styremedlem i Norges fredsforening i 1928,[11] heldt eit kurs i regi av Norsk Kvinnesaksforening i 1932,[12] og var varamedlem til styret i kvinnesekreteriatet til Arbeidarpartiet i 1939.[13]
Andre verdskrigen
Birgit Nissen blei arrestert for «tyskfiendtleg verksemd», det vil seie illegale aviser, fyrste gong i oktober 1942 og sat i Bredtveit fengsel. Ho blei lauslaten 20. oktober 1942, men arrestert for andre gong den 1. juni 1943. Ho blei overført frå Bredtveit til Grini fangeleir 6. juni og blei send vidare til konsentrasjonsleirenRavensbrück 6. oktober 1943.[14][15] På veg heim frå Ravensbrück med Dei kvite bussane var ho smitta med flekktyfus; ho blei innlagt på Helsingborg epidemisjukehus då ho kom til Sverige, og døydde der etter fire dagar.[16]
Diktsamlinga Dikt kom ut posthumt på Aschehoug i 1949.[17]