Bilethoggaren eller [Bildehoggaren] (frå latinSculptor), er eit lite og lyssvakt stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det vart innført av Nicolas Louis de Lacaille på 1700-talet. Opphavleg heitte det Apparatus Sculptoris (bilethoggarstudioet), men namnet vart seinare forkorta.
Ein unik galakse i Bilethoggaren er Kjerrehjulgalaksen, som ligg 500 millionar lysår unna. Galaksen er eit resultat av ei samanslåing for kring 300 millionar år sidan. Kjerrehjulgalaksen har ein kjerne av eldre, gule stjerner og ein ytre ring av yngre, blå stjerner, med ein diameter på 100 000 lysår. Den mindre galaksen i kollisjonen er no ein del av kjernen, etter å ha flytta seg frå ein distanse på 250 000 lysår. Sjokkbølgja frå kollisjonen førte til omfattande stjernedanning i den ytre ringen.[4]
Kjelder
↑Klepešta, Josef; Rükl, Antonín (1974) [1969]. Constellations. Hamlyn. s. 234–35. ISBN0-600-00893-2.
↑Wilkins, Jamie; Dunn, Robert (2006). 300 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe. Buffalo, New York: Firefly Books. ISBN978-1-55407-175-3.