Beskiadane er om lag 600 km lang og 50–70 km brei. Dei byrjar i Moravia og strekkjer seg mot Ukraina nord for Tatrafjella. Kor langt aust fjellkjeda strekkjer seg er derimot ikkje klart. Gamle kjelder seier at Beskiadane sluttar ved kjelda til elva Tisza, medan nyare kjelder seier at dei sluttar ved Ushokpasset på grensa mellom Polen og Ukraina. Det høgaste fjellet i fjellkjeda er derfor avhengig av kor ein definerer den austlege grensa til Beskidane. Den høgaste toppen i dei vestlege delane er Babia Góra, som ligg på grensa mellom Polen og Slovakia.
Namnet på fjellkjeda har sannsynlegvis trakisk eller illyrisk opphav. Beskiadane har store skogområde og er rik på kol. Tidlegare fanst det òg mykje jernmalm i fjella, med viktige fabrikkar i Ostrava og Třinec.
Det er fleire turistattraksjonar i fjella, inkludert historiske trekyrkjer og fleire skisenter, som vert stadig meir populære.