Bernhard Schlink (fødd 6. juli 1944 i Großdornberg i Bielefeld) er ein tysk jurist, professor i rettsvitskap og forfattar. Han er mest kjend for romanen Der Vorleser (på norsk Høytleseren), som vart ein internasjonal bestseljar.
Barndom og oppvekst
Schlink vart fødd i Bethel i Tyskland, faren,Edmund Schlink, var tysk, mora kom frå Sveits. Bernhard var den yngste av fire søsken. Faren var professor i teologi i Heidelberg, men mista denne stillingen under nazismen, og måtte arbeida som prest i staden. Bernhard Schlink voks opp i Heidelberg frå han var to år gammal.
Juridisk arbeid
Schlink studerte juss ved Ruprecht-Karls-Universität Heidelberg og ved Freie Universität Berlin, og vart uteksaminert i 1968[1]
Frå 1982 til 1991 var han professor i offentleg rett ved Rheinische Friedrich-Wilhelms Universitet i Bonn, og 1991 til 1992, professor i offentleg rett, sosial lov og juridisk filosofi ved Johann Wolfgang Goethe-universitetet i Frankfurt am Main. Frå 1992 til 2009 var han professor i offentleg rett og rettsfilosofi ved Humboldt-Universität zu Berlin. Frå 1987 til 2006 var Bernhard Schlink dommar i konstitusjonsdomstolen i staten Nordrhein-Westfalen i Münster. Han drog seg attende i 2006.
Forfattar
Forfattarkarrièren tok til med detektivromanen Selbs Justiz i 1987, som han skreiv saman med Walter Popp. Hovudpersonen her er den aldrande detektiven Gerhard Selb, eit ordspel med det tyske ordet for «sjølv», selb. Selb opptrer i tre bøker, «Selb-triologien», ingen av desse omsette til norsk. I denne første romanen får Selb eit oppdrag som fører han attende til si eiga fortid som aktor under nasjonalsosialismen.[2] I 1995 gav Schlink ut Der Vorleser (Høytleseren), ein roman om ein tenåring som har ein affære med ei kvinne i tretti-åra som brått vert borte, men som han møter att seinare, då han som som jus-student vitjar ei rettssak om krigsbrotsverk.
Boka vart ein bestseljar både i Tyskland og USA, og vart omsett til 39 språk. Det var den første tyske boka som nådde førsteplassen på bestseljarlista til New York Times. I 1997 vann romanen Hans-Fallada-Preiz, ein tysk litteraturpris, og Prix Laure Bataillon for verk omsette til fransk. I 1999 fekk han avisa Die Welt sin WELT - Literaturpreis.
Schlink byter no på å bu i New York og Berlin[3]
Bibliografi
Juridiske fagbøker
Fiksjon
Essays
Utmerkingar
Kjelder
Bakgrunnsstoff