Beat 'Em Up er det fjortande studioalbumet til den amerikanske rockesongaren Iggy Pop. Det vart spelt inn i Hit Factory Criteria studios i Miami Beach og er det første albumet hans der The Trolls er tilskriven. The Trolls var: Iggy Pop, Whitey Kirst, Pete Marshall, Alex Kirst, Lloyd 'Mooseman' Roberts.
Bakgrunn
Beat 'Em Up var det første albumet Iggy Pop produserte sjølv. Art Collins, manageren til Pop sa om albumet: «Eg seier ikkje at dette er eit nytt Raw Power, men om Raw Power var eit sant Iggy-abum, så er dette eit nytt sant Iggy-album.»[5]
Utgjeving
Albumet kom ut 18. juni 2001 og inneheld ein skjult bonussong kalla «Sterility»[6], som kjem like etter «VIP».