Batman i Tyrkia
Batman (kurdisk Êlih) er ein by Søraust-Anatolia i Tyrkia og administrasjonsstad i provinsen Batman. Han ligg på eit platå, 540 meter over havet, nær samløpet mellom elvane Batman-elva og Tigris. Batı Raman-oljefeltet, som er det største oljefeltet i Tyrkia, ligg like utanfor byen. Batman har ein lokal flyplass og ein militær flybase, som vart nytta i søk- og redningsoperasjonar under Golfkrigen.
Fram til 1950-åra var Batman ein landsby kalla Iluh med kring 3000 innbyggjarar. Då oljefelta vart oppdaga i 1940-åra førte det til rask utvikling i området og mange arbeidarar flytta inn frå andre delar av Tyrkia. I 1957 fekk landsbyen namnet Batman, kalla opp etter elva, og fekk bystatus. I løpet av dei neste 50 åra har byen vokse kraftig. Ei 511 km lang oljerøyrleidning vart bygd i 1967 frå Batman til hamnebyen Dörtyol nær det austlegaste punktet i Middelhavet for å transportere råolje frå raffineriet i Batman. I 1990 vart byen hovudstad i provinsen Batman.
Utanom olja, som er den dominerande næringa i regionen, produserer Batman drikkevarer, ferdigmat, kjemikaliar, møblar, sko, maskineri og transportutstyr. Det vart opna eit universitet i byen i 2007.
Geografi og klima
Batman er bygd på eit flatt platå 540 meter over havet. Det er nesten ingen skog i og kring byen. Elva Iluh, ei sideelv til Batman-elva, renn gjennom byen. Byen har fleire gonger vorte råka av flaum, mellom anna i 1969, 1972, 1991, 1995 og 2006 (då 11 menneske omkom).[1][2]
Batman har eit halvtørt kontinentalklima. Vintrane er kalde og fuktige, med mykje nedbør. Somrane er varme og tørre med temperaturar over 35 °C. I snitt har Batman mange solskinstimar.[1]
Vêrdata for Batman
|
|
Jan
|
Feb
|
Mar
|
Apr
|
Mai
|
Jun
|
Jul
|
Aug
|
Sep
|
Okt
|
Nov
|
Des
|
År
|
Høgast målte °C
|
16,4
|
23,5
|
30,6
|
35,8
|
38,5
|
43
|
46,5
|
45,4
|
43,8
|
37
|
28,3
|
22,6
|
46,5
|
Gjennomsnittleg maks °C
|
7,6
|
10,8
|
15,9
|
21,7
|
27,7
|
34,9
|
39,6
|
39,2
|
34,5
|
26,6
|
16,8
|
9,6
|
23,7
|
Gjennomsnittleg min °C
|
−1,6
|
0,2
|
3,9
|
8,3
|
11,9
|
16,6
|
20,8
|
20,1
|
15,3
|
7,1
|
5,3
|
0,4
|
9
|
Lågast målte °C
|
−24
|
−16
|
−17
|
−9
|
0,9
|
5,7
|
11,8
|
11,5
|
4,4
|
−3
|
−6,4
|
−23
|
−24
|
Gjennomsnittleg nedbør mm
|
56,3
|
66,3
|
74,7
|
68,5
|
40,1
|
8,8
|
0,9
|
2,2
|
4,1
|
28,2
|
55,7
|
62,2
|
468
|
Gns. luftfukt (%)
|
80
|
78
|
70
|
66
|
63
|
41
|
29
|
30
|
34
|
54
|
71
|
81
|
58
|
Gns. solskinstimar i månaden
|
102,3
|
123,2
|
176,7
|
219
|
297,6
|
357
|
381,3
|
356,5
|
303
|
220,1
|
153
|
93
|
2 782,7
|
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[3]Weatherbase[4]
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
|