Bastien Range er ei fjellkjede i Antarktis med moderate høgder. Ho strekkjer seg 64 km frå nordvest til søraust på sørvestsida av Nimitzbreen og Sentinel Range i Ellsworth Mountains.
Ho vart namngjeven av US-ACAN etter Thomas W. Bastien, som var ein geolog og leiar for den geologiske undersøkinga av desse fjella 1963-64. Bastien gjorde òg undersøkingar i Ellsworth Mountains i 1961-62.
Kjelder