Barry (walisisk Y Barri) er administrasjonsbyen i Vale of Glamorgan i det sørlege Wales. Han ligg ved sørkysten, og er eit populært turistmål, med ein underhaldningspark på Barry Island.
Byen starta som ei fiskarhamn, og voks etter at han i 1880-åra vart utskipingshamn for kol. I ein periode var byen den største eksportøren av kol i verda, med over ti millionar tonn i året. På midten av 1900-talet minka etterspurnaden etter kol, og denne inntektskjelda forsvann. I seinare tid har hamneområdet vorte forskjønna etter å ha forfalle i mange år.
Barry var vertskap for den nasjonale Eisteddfod i 1920 og 1968.
Kjelder