Bamberg ligg 63 km nord for Nürnberg med jernbane og 101 km aust for Würzburg. Byen ligg ved elva Regnitz, 3 km før ho munnar ut i Main. Byen ligg òg ved foten av Steigerwald.
Bamberg strekkjer seg over sju åsar, som Roma, med ei kyrkje på kvar åstopp. Det har ført til at Bamberg har vorte kalla «Frankisk Roma».
Historie
Etter romartida slo germanarar seg ned i området, og vart etter kvart ein del av bispedømet Bamberg, som stort sett var busett av slavarar. Byen vart først nemnd i 902, og voks opp rundt borga (Babenberch), som har gjeve namn til familien Babenberg. Då dei døydde ut gjekk byen over til huset Sachsen. Området vart kristna av munkar frå klosteret i Fulda, og området vart ein del av bispedømet Würzburg.
Frå midten av 1200-talet var biskopane fyrstar i Riket og styrte Bamberg, der dei bygde monumentale bygg. Bispedømet eigde store område rundt Bamberg, men etter endringane som følgje av reformasjonen vart dette området nesten halvert.
Hekseprosessane på 1600-talet kravde hundrevis av offer i Bamberg, og nådde ein topp mellom 1626 og 1631 under styret til fyrstbiskop Georg II Fuchs von Dornheim. Det kjende Drudenhaus (heksefengsel), bygd i 1627, finst ikkje lenger i dag, men ein har framleis detaljerte soger om korleis enkelte av sakene gjekk føre seg.
I 1759 vart bispedømet seld til Austerrike. Bamburg mista sjølvstendet sitt i 1802, og vart i 1803 ein del av Bayern.
Bamberg vart forbunde til det tyske jernbanesambandet i 1844, som har vore ein viktig del av infrastrukturen sidan den gong.
Etter den første verdskrigen tok eit kommunistisk opprør kontroll over Bayern og regjeringa flykta til Bamberg, der dei måtte vere i nesten to år, før dei igjen tok kontroll over den bayerske hovudstaden München. Den første republikanske grunnlova i Bayern vart vedtatt i Bamberg, og derfor kjend som Bamberger Verfassung.
Attraksjonar
Domkyrkja (1237), med gravene til keisar Henrik II og pave Clemens II
Alte Hofhaltung, biskopresidensen på 15- og 1600-talet
Neue Residenz, residens for biskopane frå 1600-talet, med Staatsgalerie
Det gamle rådhuset (1386), bygd midt i elva Regnitz, tilgjengeleg via to bruer
Klein-Venedig (Litle Venezia), ein koloni av pittoreske fiskarboligar langs Regnitz
I den tradisjonsrike ølbyen Bamberg finst det framleis ni privatbryggeri, som sørgjer for eit ganske eineståande utval av øl. Ein særleg spesialitet er den bambergske Rauchbier (røykøl).
Bryggeri
Fässla
Greifenklau
Kaiserdom
Keesmann
Klosterbräu
Mahrs Bräu
Maisel Bräu
Schlenkerla
Spezial
Dessutan finst det eit gjestgiveri som bryggar sitt eige øl: