Badab-e Surt eller Badab Soort (farsi باداب سورت) er ein naturleg stad i Mazandaran nord i Iran, 95 km sør for byen Sari, og 7 km vest for landsbyen Orost. Staden består av terrassar av travertinformasjonar som er skapt over tusenvis av år med vatn som flyt frå to varmekjelder og vert avkjølt, og set av karbonatmineral i fjellsida.[1]
Badab Soorts-kjeldene er to mineralkjelder 1840 moh. Den første kjelda består av særs salt vatn som samlar seg i små, naturlege basseng. Dette vatnet vert rekna for å ha helsebringande eigenskapar, særskild mot revmatisme og enkelte hudsjukdommar. Den andre kjelda har ein sur smak og er hovudsakleg oransje på farge, på grunn av mykje jernoksid.[2]